Kategorier
bibliotek Norge nyheter

Det norske ˮdebattbiblioteket”, kan det overleve?

Till skillnad från i Sverige finns det i den norska bibliotekslagen 2014 ett uppdrag till biblioteken att fungera som forum för debatt. Vad har hänt och vilket har resultatet blivit?

Text: Anders Ericson 

Ambisjonane til det norske folkebiblioteket gjorde eit stort sprang med lovrevisjonen i 2014, då biblioteket blei ˮen uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debattˮ.1 Men problema var undervurderte. Små bibliotek maktar ikkje å følgje opp, og det er lite bibliotekfaglig debatt, forsking og utvikling. Dette samtidig som at e-biblioteket er truga (svensk: hotar) med å aldri oppstå.

Optimismen var stor for åtte år sidan. Norsk Bibliotekforening (NBF) hadde vore med på å skjerpe lovformuleringa med tillegget ˮuavhengig” (svensk: fristående /självständig). Og den påtroppande NBF-leiaren sa til Aftenposten: ˮ… på denne møteplassen kan vi også ha debattar som det sprutar av, som gjer oss til ein viktig demokratisk premissleverandørˮ2.

Problem i starten

Bibliotek hadde jo arrangert debattmøte tidlegare. I snart tjue år har eg promotert ˮdet uavhengige biblioteketˮ på bloggen bibliotekettarsaka.com, med kroneksempelet Lillehammer bibliotek sine folkemøte om store kommunale plansaker. ˮNokre politikarar og administratorar blei sure, men folk flest sette stor pris på detˮ, oppsummerte biblioteksjefen.

Men når no kvart einaste bibliotek, små og store, skulle i gang, viste det seg at mange var dårleg førebudde. Også kommuneleiingane og politikarane. 

At det kostar pengar er éi sak, men det var også skepsis som denne: Vil ikkje biblioteksjefen bryte lojalitetsplikten med debattar som kan reise tvil om den vedtatte politikken? Nei, kulturministeren meinte dette var enkelt: ˮ… biblioteksjefen skal stå fritt til å planlegge aktiviteter ved et folkebibliotek. Bibliotekledelsen vil innta en redaktørliknende rolle.ˮ

Den uavhengige avisredaktøren blei altså ein målestokk, men heilt parallelt var dette likevel ikkje. Ein redaksjonell artikkel med kritikk utløyser tilsvarsrett (svensk: rätt till replik) hos den kritiserte, men på debattsidene er det ikkje krav om motinnlegg i same nummer. Mens biblioteket av prinsipp skaffer bøker både for og imot i kontroversielle spørsmål, blir dette krevjande å realisere under eit debattmøte. 

Og det kunne altså bli dyrt. Mange innleiarar (svensk: inledare, föreläsare) skal ha godt betalt og få godtgjering for reise og opphald. Slike kostnadar blir fort høge med vår geografi. Og med gode debattantar om tema som verkeleg trekker publikum aukar prisen; eg har registrert opp til 20 tusen for deltaking i 90 minutt.

Dei første åra var dette muleg for alle, då både Nasjonalbiblioteket (NB) og den private stiftinga Fritt Ord gav støtte; NB ikkje berre til honorar, men også til teknisk utstyr og spesielt inventar. Men seinare gjekk det trått (svensk: trögt), melder fleire bibliotek. 

Fler problem

Og når organisasjonar ville låne ut biblioteklokale til opne eller lukka møte kunne det vise seg å provosere andre grupper og individ. Men omfattande scenenekt (svensk: att ofta vägra debattarenor) kunne blitt eit karakterdrap på det demokratielskande biblioteket. Høgast temperatur har det vel vore der personalet har demonstrert mot at sjefen i ytringsfridomens namn har sagt ja til ein viss anti-islamsk organisasjon. Så i Oslo i fjor avlyste biblioteksjefen og viste til tryggleiken til dei tilsette.

Det har vore debattar i aviser og på Facebook når nokon har sagt seg krenka av at visse bøker kan lånast i biblioteket, men kanskje ikkje så ofte som i Sverige. Her har vi ikkje noko stort parti som Sverigedemokraterna, og på ytre høgre har dei ikkje engasjert seg så sterkt i kulturpolitikken som SD. Vi har heller ingen ˮføregangskommuneˮ som Sölvesborg. 

I det sentrale tidsskriftet Bok og bibliotek nr 2 i år blei endeleg debattane eit hovudtema. Oppsummert: Redaktøransvaret er tungt for biblioteksjefane. I Trondheim meiner sjefen at publikum må tole ubehaget i møte med skarpe meiningar, men éin stad går grensa: ˮbevisst desinformasjon, det trenger vi ikkeˮ3.

Slike ulike konfliktar har skremt mange frå å arrangere debattar. Sjefen i Stavanger seier: ˮFor meg som har et stort apparat rundt meg, er dette greit, jeg er mer bekymra om du er i en bitte liten kommune og står alene og kjemper for uavhengigheten.ˮ  

Dei som blir intervjua meiner lova og proposisjonen ikkje er grundige nok og saknar eit meir detaljert regelverk, men her ønsker ikkje NB å bidra. Men kan eit råd (någon form av råd, red.:s anm.) vere ei løysing? spør leiaren av NBF.

I alle fall stadfestar bibliotekutdanninga i Oslo at dei no har tatt inn problematikken i grunnstudiet.

Forsking og fagleg debatt?

ˮBiblioteket og demokratietˮ har blitt eit mantra og har vore tema for mange konferansar, men det meste har vore overflatisk (svensk: ytligt). Også på høgaste nivå; om arbeidet med dei nasjonale bibliotekstrategiane seier forskarar at det manglar ˮkonkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelserˮ.4

Også bibliotekstatistikken sviktar. Eg har på bloggen jamført den nasjonale statistikken med annonseringar av arrangement på bibliotekheimesider og sosiale medium og fann at berre 12 prosent av dei oppgitte debattmøta faktisk har vore debattar. Det aller meste er forfattarbesøk med opplesing, foredrag og arrangement av typen “opplæring”. Sjølvsagt er det sett av tid til spørsmål etter ei forfattaropplesing, men kor ofte blir debatt ein viktig ingrediens?

Og Nasjonalbiblioteket har ikkje problematisert mangelen på statistikk eller analyse og forsking og har i staden skrytt av høge tal for besøk og arrangement generelt.5 Open kritikk og spørsmål har det vore lite av også frå grunnplanet, fram til Bok og bibliotek sitt temanummer nyleg. Og først åtte år etter lovendringa kjem i september den første større studien av dette, ein ph.d. ved OsloMet (universitet i Oslo, red.:s anm.).6

Bibliotekarar fortel at det er vanskeleg å få folk til å kome på debattar. ˮStamkundaneˮ kjem, men der dominerer dei eldre. Verkeleg ˮheiteˮ tema kan trekke bra, men yngre menneske og familiefolk går ikkje gjerne ut på kvelden, og strøyming av seriar har gjort tv-en til ein større konkurrent enn før.

Framtida

Det er utrygge tider. Utlånet er på veg ned, og bokbransjen gjer det vanskeleg for biblioteka på e-bok- og lydbokfeltet. Musikk- og filmtilboda nærmar seg det museale. Og biblioteket kan kome i fare når kommuneøkonomien blir meir pressa, noko vi ser i England der toryane sine budsjettkutt (svensk: budgetnedskärningar) har ført til 500-600 færre folkebibliotek på ti år, og der like mange er overlatne til frivillege, med eit anna ord amatørar. 

Og har biblioteket eigentleg offensive medspelarar i 2022? Biblioteksjefen i ein liten kommune i Lofoten sa til lokalavisa: ˮIkke ta lokalbiblioteket for gitt. Vi blir ikke bedre enn det dere gjør oss til.ˮ 

Så kan folkebiblioteket, med unntak av dei store, bli ˮein viktig demokratisk premissleverandørˮ? Berre dei større kan tilsetje spesialistar som moderatorar og arrangementsansvarlege. Om dei ikkje byggjer opp eigen kompetanse. Blant anna fylkesbiblioteket i Viken har nokre planar her. Kva kan fylkesbibliotek eller andre konstellasjonar av bibliotek gjere? Og kva med ein sentral ˮredaksjonˮ som kan foreslå debatt-tema og planleggje ˮturnéarˮ? Og gi råd om det bibliotek-etiske og -politiske. Tilby (svensk: erbjuda) ekspertar. Halde kurs. 

Kanskje kan “debattbiblioteket” styrke seg etter kvart. Men kor viktige blir siviliserte debattar på biblioteket i ei tid der små kontroversar blir til hatefulle oppgjer på Facebook, som så tar steget ut i gatene? Morgonavisa mi i dag, 3. august, fortel at Italia får ei regjering direkte inspirert av Mussolini, at Republikanarane sin plan for ein ny Trump-periode er langt meir radikal enn den førre og at omtale av protestar og sosiale rørsler skal ut av skolebøkene i India, ˮverdas største demokratiˮ.

Fotnoter

  1. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1985-12-20-108#KAPITTEL_1
  2. https://bibliotekettarsaka.com/2014/05/26/bibliotekforum-med-gode-rad-til-debattbiblioteket/
  3. https://bokogbibliotek.no/nyheter/det-kompliserte-redaktoransvaret-4989/
  4. https://tidsskrift.dk/njlis/article/view/121791
  5. https://bibliotekettarsaka.com/2020/12/06/er-dette-gullalderen-for-norske-bibliotek/
  6. https://www.oslomet.no/om/arrangement/disputas-elin-golten

Läs mer

Bli medlem

Gillar du det vi gör? Stötta BiS genom att bli medlem! Ett medlemskap kostar från 125 kronor och du kan betala enkelt med Swish.

2 svar på ”Det norske ˮdebattbiblioteket”, kan det overleve?

Lämna en kommentar

Denna webbplats använder Akismet för att minska skräppost. Lär dig om hur din kommentarsdata bearbetas.