Jubileumsboken – En ny förening är nödvändig

en ny förening omslag

BiS jubileumsbok En ny förening är nödvändig: BiS 1969-2009 finns för gratis nedladdning.

34 bidragsgivare dokumenterar på 200 sidor ett stycke svensk bibliotekshistoria.

Boken gavs ut till föreningens 40-års jubileum 2009.

en ny förening baksida

Länkar:

Ladda ner en ny förening är nödvändig

 

4 responses to “Jubileumsboken – En ny förening är nödvändig

  1. Pingback: Nyfiken på BiS historia? | BiS

  2. I det nå nedlagte tidsskriftet Bibliotekforum nr. 3, 2010, så jeg på Bis’ historie og jubileumsbok med norske øyne: http://bit.ly/2kkyOe3 Side 16

    • Det hade varit intressant att läsa! Men din länk kräver inloggning?

      • Her kommer det:

        Eksotisk bibliotekhistorie frå Sverige

        Den svenske organisasjonen Bibliotek i Samhälle (BiS) blei førti i fjor, noko som blei feira med boka ”En ny förening är nödvendig”. Ho skulle i utgangspunktet ikkje vore så spanande for oss i Noreg, men blant anna visse påfallande skilnader mellom nabolanda gjer det til tankevekkjande lesing.

        BiS var eit ektefødd barn av si tid, eit generasjonsopprør på venstresida, mot dei etablerte biblioteksjefane, mot lågt medvit og slappe prioriteringar generelt, og i tillegg opprør mot dei etablerte organisasjonane, både det dåverande SAB, Sveriges Allmänna Biblioteksförening, og fagforeiningane.

        På linje med mange ”alternative” rørsler på den tida, fekk BiS ein relativ suksess som det framleis går gjetord om. BiS er då heller ikkje nedlagd, dei gjev ut eit kvartalstidskrift av same namn, som på viktige felt som opphavsrett og internasjonale spørsmål, er unikt i Norden.

        Den eine svenske bibliotekreforma etter den andre var det opphavleg BiS-arar som tok initiativ til eller var først til å reise krav om. Utan tvil gjekk dei i spissen for bibliotektenester for innvandrarar og oppsøkjande tenester. Etter få år blei slikt vanleg, også i Noreg. Dei skal ha mykje av æra for eit par tusen arbeidsplassbibliotek på det meste, noko Noreg ikkje tok etter. Og BiS reiste frå starten av krav om ei biblioteklov, som blei ein realitet, om enn ikkje før på 1990-talet. Vidare slost BiS for fleire filialar, med suksess nokre stader, inntil filialraseringa tok heilt over. Dei stod for ei kvalitetslinje i medievalet; ”å gje folk det dei vil ha” var ikkje identisk med demokrati. Men dette fekk lite gjennomslag, skal ein døme etter ”nuläget”. Likevel var BiS på mange måtar sterkt opptatt av brukarane, meir enn av ”indre arbeid”. Dei åtvara mot ”det överestetiska biblioteket, där en låntagare kan känna sig som en skamfläck”. Eitt slagord var ”det provoserande biblioteket”, og nokre forsøk blei gjennomført med debattar om kontroversielle tema i biblioteket.

        I den innleiande historiske gjennomgangen sin på tjue sider minner veteranen Ingrid Atlestam også om den kritiske haldninga BiS lenge hadde til både ”nye media” og ”datafrågor”. Først ut på 1980-talet fekk dei ein ”alltmer positiv syn på teknikens möjligheter för biblioteken”. Her er det naturleg å sjå nærmare på parallellar og skilnader over grensa. Noreg har aldri hatt ein alternativ interesseorganisasjon til NBF. Men vi hadde ei fagforeining, Kommunale bibliotekarbeideres forening (KBF), som i periodar låg klart til venstre, også for dåverande Norsk kommuneforbund og LO, som dei var tilslutta. Også KBF var på sin måte skeptiske til ”EDB”, men særleg ut frå omsynet til arbeidsmiljø og arbeidsplassar. Noko eg ikkje kan sjå at BiS var på same måten. Samtidig heiter det hos Atlestam at ”ett flertal bisare” var og er syndikalistar; altså ”friheitlege sosialistar”, som på 1970-talet var på solid kollisjonskurs med maoistane. Som på si side dominerte norske KBF i lange periodar. Og der vi knapt hadde syndikalistar. Dei som var, var svenskar som gjekk på bibliotekskolen i Oslo, blant anna Siv Wold-Karlsen, no djuptgravande frilansar for tidsskriftet BiS på området opphavsrett. Ikkje all verda dramatiske skilnader dette, men interessante og eksotiske må dei kunne kallast.

        Noko ein verkeleg kunne tenkje seg å sjå forsking på, er eventuelle utslag av skilnadene på nabolandas bibliotekutdanningar. Den svenske kjem på toppen av annan høgare utdanning, altså ei sterkare ”akademisering” enn i Noreg. Vel var BiS-arane opprørske, men samtidig verkar dei ”skikkelege” etter norsk 70-tals målestokk. Eitt indisium: Ein gjengangar i boka er heimebaka brød på alle møta; eit komplett ukjent fenomen på norske hyblar i same epoke!

        Det mest uskikkelege i boka er det vi kan lese om vår felles rabulist, Olaf Berggren, som blei pådrivar for innvandrarlitteratur også her. Samtidig er Ulf Larsons brutalt ærlege skildring av eit besøk hos den gamle BiS-venen, der han no bur i Frankfurt, den litterære oppturen i ei bok med litt varierande skivekunst.

        Fahller, Karin (red.): En Ny förening är nödvendig : BIS 1969-2009. Karlstad, 2009. ISBN: 978-91-633-4778-8.

        Anders Ericson

Kommentera

Fyll i dina uppgifter nedan eller klicka på en ikon för att logga in:

WordPress.com Logo

Du kommenterar med ditt WordPress.com-konto. Logga ut / Ändra )

Twitter-bild

Du kommenterar med ditt Twitter-konto. Logga ut / Ändra )

Facebook-foto

Du kommenterar med ditt Facebook-konto. Logga ut / Ändra )

Google+ photo

Du kommenterar med ditt Google+-konto. Logga ut / Ändra )

Ansluter till %s